Forside,  Otterøy Kulturforum

BREIBANDSUTBYGGING PÅ OTTERØYA – DUGNAD

Namsos kommune sitt bilde.

– ver med på å skaff eit godt breiband til øya!

Sjå  http://www.namsos.kommune.no/?cat=98085&id=5726723

Kommunen har frist på seg innan 01. mai 2015 til å søke om statlege tilskot for utbygging av breiband i distrikta.

For å få ein så god søknad som mogeleg og ha ein sjanse til å få midler må kommunen raskt ha tilbakemeldinger frå folket og næringslivet på Otterøya om breibandshastigheit i ulike områder på øya. Dette gjeld spesielt folk og firma som har problemer med eksisterande breiband og treng eit breiband med større hastigheit eller eit breibans som er meir stabilt. 

Det er ønskeleg at målinger blir tatt i 19-20 tida eller når det i området er størst belastning på nettet. Dei områda som har nedlastningshastigheit under 4 Mbit/sek er prioritert for offentlege tilskot. Men send sjølvsagt også inn  tal som ligg over 4 megabyte.

Gjer målinga og noter i mail eller brev til Håvard Vannebo:

1. Navn og adresse, stad på øya, evt firmanavn

2. Kva type breiband du har frå før ( Telenor/ADSL, Radiobreiband)

3. To tal som du måler via nettsida: www.nettfart.no Der står det instruksjon. Du skal der trykke på blå knapp i nokre sekund og maskina vil måle hastigheit på eksisterande breiband. Det vil kome opp to tal som kommunen treng.

4. For firma: Omsetning i firmaet og kvifor firmaet får problemer med eksisterande breiband og korleis det vil hjelpe med eit betre og evt meir stabilt breiband. Kom gjerne med eksempel.

Send punkt 1, 2, 3  og evt 4  til:

Håvard Vannebo, prosjektleiar i kommunen. Helst mail: havard.vannebo@midtre-namdal.no , evt tlf: 95159970

Venleg helsing

Otterøy Kulturforum,  09.04.15